Valle Sparebank kulturfond med søknadsfrist 25. oktober!

Har du ein idé til eit arrangement eller ein aktivitet i Valle kultursenter? Då kan du eller laget ditt søkje støtte frå Valle Sparebank kulturfond. Fristen for å søke er 25. oktober.

Ole Birger Lien

Kulturfondet skal bidra til at Valle kultursenter er ein levande, inkluderande og aktiv møteplass gjennom heile året. Ordninga skal stimulere til aktivitet og mangfald, styrke frivilligheita og støtte tiltak som skaper opne fellesskap og gode møteplassar. Barn og unge, lokal kulturarv, skaparkraft og samarbeid står sentralt. 

Må vere registrert i Brønnøysundregisteret

Frivillige lag, organisasjonar og arrangørar som er registrerte i Brønnøysundregisteret kan søkje om støtte til arrangement og aktivitetar i kultursenteret. Støtta kan utgjere inntil 50 prosent av totalkostnadene. Søknad må sendast via elektronisk søknadsskjema, og etter at arrangementet/aktiviteten er gjennomført må du sende inn ein kort digital rapport. 

Søknadsfristar: 1. februar, 1. juni og 1. oktober (NB: 25.oktober i 2026)