Verdig samling ved Valle bygdeheim for å heidre Kong Harald V

Onsdag 9. september 2026 vart på alle vis ein historisk dag i Noreg. Kong Harald V vart gravlagd, ein høgt elska monark med 35 år på trona. I Valle vart det skipa til samling ved Valle bygdeheim i forkant av gravferda, og på slaget klokka 13 var det eit minutts stillheit der som i resten av landet.

Over 100 menneske deltok på markeringa ved Valle bygdeheim onsdag. Til venstre leiar i ungdomsrådet Eivind Austad Uppstad og ordførar Lars Tarald Myrum. Ole Birger Lien

Tankane våre i dag går sjølvsagt til den næraste familien, men me er også ein nasjon i sorg over han som jamt vart kalla «folkekongen». Dette tilnamnet gjorde han seg fortent til.  Han fortente det, dels gjennom å ha ein gjennomgåande varm, venleg, og folkeleg veremåte.  Dels gjennom å opptre som ein samlande monark, både i gode og tunge stunder. Dels gjennom å vere klokkeklar på at han var konge for ALLE, var noko av det Valle-ordførar Lars Tarald Myrum sa i si helsing frå kommunen.

Ungdomen la ned krans

Eit hundretals menneske og vel så det møtte opp i som så jamnt blåsande Valle for å vere med på markeringa. Leiar i ungdomsrådet, Eivind Austad Uppstad, la ned krans ved flaggstonga, før Anna Slaby etter det stille minuttet leia an i første vers av “Ja, vi elsker”. Samankomsten ved bygdeheimen vart ei sers verdig og flott markering, høveleg folkekongen Harald V.

Anna Slaby leia an i "Ja, vi elsker". Ole Birger Lien Leiar i ungdomsrådet, Eivind Austad Uppstad, la ned krans. Ole Birger Lien