Vil ha fleire med på smykkekurs på den vidaregåande skulen i Valle i morgon
Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle skipar til smykkekurs i morgon 8. oktober klokka 14.30-18.00 - og vil ha fleire med seg! I dag sikra dei seg Valle-ordførar Lars Tarald Myrum som “elev”.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.10.2026 14:54
Sist endra 07.10.2026 14:55
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum vart kapra til smykkekurs på Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle i morgon av elevane Helene Marie Årsbog og Jonas Wayu Berntsen.
Ole Birger Lien
Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle har gjennom mange år hatt elevar som beint fram har utmerka seg på høgt både nasjonalt og internasjonalt nivå innan smykkearbeid - og i morgon vil årets elevar altså dele med seg av kunnskapen til alle som er interessert. I løpet av kurset kan ein velje mellom alt frå Kongekjede til Vikingstrikk og trådkunst - og kurset er del av kulturveka i Valle.
– Eg må bare oppmode alle om å møte. For det første høyrest det spennande ut, for det andre er det moro å stø opp om skulen, seier ordføraren.
Kursinga er gratis og folk i alle aldrar er velkomne.
Her kan du lese meir og melde deg på