Vil utvikle Valle sentrum som handelsstad og bumiljø

Eit samrøystes kommunestyre i Valle vedtok under sist møte at Valle sentrum skal utviklast som handelsstad og bumiljø. Dei folkevalde peika på at dette er i tråd med gjeldande sentrumsplan.

Frå kommunestyremøtet i Valle sist veke. - Klikk for stort bileteFrå sist kommunestyremøte i Valle. Ole Birger Lien

Bakgrunnen for vedtaket er ein varsla søknad om vidare dispensasjon med tanke på drift av ungdomssenteret Haraldsplass Serio på gamle Valle motell. 

– Kommunestyret kjem til å vere svært kritiske til bruksendring eller ytterlegare dispensasjon frå plankravet, heiter det i vedtaket.

Støtte til Ninjana og padelbane

Kommunestyret gjekk inn for eit tilskot på 150.000 kr. til utvikling av teaser til TV-serien om Ninjana. Det vart også sagt ja til å støtte Valle IL sine planar for ein padelbane ved Valle stadion med 200.000 kr. Dei folkevalde vedtok Plan for motorferdsle i Valle kommune 2024-2028. Planen blir sendt til orientering til politiet, SNO og Statsforvaltaren.

Fricamping

Kommunestyret gjekk inn for innstillinga frå kommunedirektøren om å be Statens vegvesen sette opp større, fleire og meir tydelege skilt som markerer campingforbod på Honnevje i Valle. Ytterlegare tiltak, som bøteleggjing ved brot på forbodet, skal vurderast når ein ser effekten av betre skilting. 

Parkering

Kommunestyret i Valle sa ja til nytt kostnadsoverslag for opparbeiding av parkeringsplassar og ny tilkomstveg til Valle sentrum. Totalen er 4,125 mill. kr. No skal det settast i gang kontraktsforhandlingar med Hovden hytteservice AS som lågaste tilbydar.