Ny kommuneplan viser retninga for Valle fram mot 2038
Kommunestyret vedtok 24. september ny samfunnsdel til kommuneplanen for Valle, med arealstrategi for perioden 2026–2038. Planen skal vere den overordna retninga for korleis Valle skal utvikle seg som lokalsamfunn dei komande åra.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.10.2026 13:03
Sist endra 12.10.2026 13:03
Ole Birger Lien
Arbeidet med planen har gått føre seg over tid, med medverknad gjennom fleire rundar og høyring. No er sjølve planprosessen for samfunnsdelen avslutta. Det viktigaste arbeidet startar likevel no: å omsetje mål og strategiar til handling. Planen peikar ut fire område som er særleg viktige for utviklinga av Valle: bulyst, arbeidsplassar, folkehelse og beredskap. Eit gjennomgåande poeng er at kommunen ikkje kan utvikle lokalsamfunnet åleine. Utviklinga må skje i samarbeid mellom kommunen, innbyggjarane, frivilligheita og næringslivet.
Kva betyr kommuneplanen i praksis?
Samfunnsdelen kan enkelt sagt sjåast på som kommunen sitt kompass for den langsiktige utviklinga. Han seier noko om kva slags lokalsamfunn me ønskjer å vere og kva me må prioritere for å kome dit. Planen skal difor ikkje bli liggjande i ei skuff. Måla skal følgjast opp gjennom mellom anna handlings- og økonomiplanen og gjennom kommunen sine andre planar og tiltak. I sjølve kommuneplanen er samanhengen illustrert frå samfunnsdelen, via arealdelen og handlings- og økonomiplanen, til årsrapporteringa.
Samfunnsutvikling og arealbruk må sjåast i samanheng
Ein viktig del av den nye planen er arealstrategien. Han skal vere brua mellom dei overordna måla i samfunnsdelen og den komande revisjonen av kommuneplanens arealdel. Arealstrategien peikar ut overordna føringar for den fysiske utviklinga i Valle. Konkrete avgjerder om utvikling, vern og kva ulike areal skal nyttast til, skal derimot gjerast gjennom arbeidet med arealdelen. Arbeidet med å revidere arealdelen står no for tur. Formell oppstart vert varsla seinare i haust. Målet er at kommuneplanen skal vere eit arbeidsverktøy for utvikling av Valle, ikkje berre ein plan. Det er gjennom vala og prioriteringane me gjer framover at planen får verdi.
Her kan du lese samfunnsdelen og meir om arbeidet med ny kommuneplan